I statsråd 22.1.09 har olje og energidepartementet pålagt BKK å auka minstevassføringa i Ekso gjennom å flytta målepunktet til utløpet av Nesevatnet. Minstevannføringa justert fra 15. mai til 1. mai på grunn av smoltutvandring. 2 m3/s målt vatn sleppt frå Nesedammen vil gi ca 2,7 m3 som sommarvannføring nede ved Langhølen (tidligere målepunkt) og vintervannføringa på 1m 3 vil gi ca 1,3 m3 ved Langhølen. Strekninga Nesedammen til fjorden får då ca 30 % høgare misntevassføring enn før. Dersom tilsiget til Nesedammen er under dette nivået, skjer av og til i tørre periodar sommar og vinter, klarer ikkke BKK å oppretthalda minstevasføringa. Dette fordi det ikkje er krav om minstevassføring i øvre del av Ekso som vart overført til Evanger kraftstasjon i 1973. Elveeigarlaget håpar å få gjort noko med dette når revisjon av konsesjonen kan krevjast etter 2016.
- Dette er ei historisk sak, men saka har teke heile 13 år frå ho vart lansert til ho vart formelt godkjent i statsråd, seier miljøvernrådgjevar i Vaksdal, Sveinung Klyve i ein kommentar,