Hovedside Fiske i Ekso Fotoalbum Kontakt oss
 
Fiske i Ekso

Kart
Fangststatistikk
Driftsplan
Fagråd
Kalking
Forsking

     

Fiske 2016
 Laksefisket gjeld frå 1. juli -31.august, det vert tilltatt å fiske etter villaks, men sjøørret er fredet. Oppdrettlaks og fettfinneklypt laks skal avlivast.
Kortsalg vert via scanatura.no
For at me skal sikra laksestamma og framtida til den kan fisket bli stengt på kort varsel, me haustar kun av overskotet.

Då arbeidet med å utvide den anadrome strekningen har tatt lengre tid en venta, har ikkje laksen fått tilgang til dei beste gyteområda endå, dette er på Eikemo oppstraums Høsefossen, me vonar BKK får til ei tilfredsstillande løysning  i Høsefossen

Velkommen til Ekso .

Styre i laget
 Styre for Ekso 2016
  • Reidar Eikemo frå Eikemo (vara Torunn Eikemo)
  • Heine Eikefet frå Eikefet (vara Kjetil Eikefet)
  • Evelyn Eide Lode frå Eide (vara Oddbjørn Vik)
  • Knut Eirik Møster frå Møster (vara Vegard Neset)

Formann i laget: Knut Eirik Møster knuteirik@live.com  mob: 915 74 936

Dei 2 gardane på Eikemo Reidar Eikemo og Jon Eikemo er no med i laget.


FISKE I EKSO

ELVEEIGARANE:
Knut Eirik Møster, tlf  91574936
Frank Møster, tlf.: 56 59 56 84
Evelyn Lode, tlf.: 56 59 56 32/ 90853241
Oddbjørn Vik, tlf 56 59 56 46
Rannveig Neset, tlf 56 59 56 96
Caroline Myster, tlf. 90214060
Bjørn Arvid Ekse, tlf 94194778

Kontaktperson for Ekso Elveigarlag
Knut Eirik Møster tlf.: 91574936 adresse: Eidslandsvegen 2005, 5728 Eidsland
e-post: knuteirik@live.com

Eksingedalen

Eksingedalen er 45 km lang og strekkjer seg frå Eidsland til Gullbrå. Elva Ekso (tyder eksa - "kasta seg utover") har sitt utspring i Stølsheimen og kastar seg i fossar, stryk og vatn steg for steg nedover dalen før ho renn ut i sjøen ved Eidsland. Dei store vassressursane i området er utnytta til kraftføremål. Det er store fiskeressursar i vassdraget. Dei nedre 4 km er anadrom elv (har laks og sjøaure). Ekso er ei kraftregulert elv med varierande vassføring.

Fiske i Ekso før og no
Frå 1930 til 1960 var det ikkje uvanleg at ein person kunne få 5-6 laksar på 10-25 kg i løpet av ein god fiskedag. Gjennomsnittsvekta for laksen låg på 10-12,5 kg og kunne såleis sammenliknast med namngjetne elvar som Vosso, Tana og Altaelva.

På slutten av 1800-talet kom engelske "lordar" til dalen for å bruka sommaren mtil fiske i Ekso. Ekso fekk etterkvart rykte på seg som ei svært god fiskeelv. For ei ellers fattig bygd gav dette viktige inntekter.

Elva har i dag ein aukande sjøaurebestand, med fisk på 1-5 kg. Med rett vassføring kan ein få fine fangstar i løpet av ei fiskeøkt. Laksen er freda grunna lite fisk og problem med oppdrettslaks.

Ekso har ein lakseførande strekning frå sjøen til Raufoss på ca. 3,9 km. Elva har varierande vassføring ettersom den er kraftregulert.

Kultivering
Bergenhalvøens Kommunale Kraftselskap (BKK) har pålegg om å setja ut yngel og smolt av sjøaure og laks i elva. Fram til 1998 var det eige klekkeri for produksjon av denne fisken på Eidsland. I dag er klekkeriet lagt ned og ein prøver med utlegging av befrukta rogn i elva i samarbeid med forskningsmiljøet. Noko fisk vert produsert i anlegg i Eidfjord. Laksetrapp i Raufossen er under vurdering.

Laks og Sjøaure
Etter at Myster kraftverk vart bygd i 1987, har oppvektstilhøva for laksen forverra seg i nedre del av Ekso. Brå endringar i vassføringa ved køyring av kraftstasjonen er hovedårsaka.

Kalking av Ekso
Vasskvaliteten i Ekso har sidan 1960 vore fast overvaka. Berggrunnen i øvre del av Ekso gjev vasskvalitet med god pH. Noko av dette vatnet vert overført i lange tunnelar til Evanger kraftverk og Vossovassdraget. Nedre del av Ekso er prega av harde bergartar som gjev surt vatn. Slikt surt vatn med låg pH gjev ugunstige tilhøve for oppveksten til laksen. For å bøta på dette vart eit kalkingsanlegg bygd våren 1997 ved Tverrdalsbekken ca 8 km lenger oppe i elva. Alt vatn nedanfor anlegget vert tilsett finmalt kalk slik at vatnet får ein pH på 6,2 - 6,5. Anlegget vart bygd og vert drive med offentleg tilskot.

Fiske
For fiskesesongen 2006 er det ope for laksefiske i juli månad. Sjøaurefiske kan du gjere mellom 1. juli og 30. september. Sjøauren heldt seg frå fjorden og opp til 300 m ovanfor Myster Kraftverk. Dei siste åra har bestanden av vill-laks vore liten. Derimot er det ein fin bestand av sjøaure frå 1 - 3 kg. Ein kan óg ta oppdrettslaks (ofte 3 - 5 kg). Den øvre delen av vassdraget har forbod mot fiske. Siden 1997 har elva vorte kalka mot forsurning, og ein håpar at dette er med på at laksestamma skal ta seg opp att. I november 1998 vart det fanga ein stamlaks på 18,5 kg i elva, så det er framleis håp.

Båthølen

Her er bilde av gode fiskeplassar i Ekso:

Båthølen ligg nedfor Myster bru. Dette er ein god fiskehøl.
 

Skarvahølen

Skarvahølen ligg i ein terskel bygd opp på grunn av kraftreguleringa. HEr står ofte mykje fisk både laks og sjøaure.
 

Eidsfossen

Eidsfossen er øverstø hølen ein kan fiska i. Denne ligg i utløpet av Myster kraftstasjon. Ovanfor her er elva freda for fiske.
 

Rundhølen

Rundhølen er ei fin høl som deler elva. Her står det fin fisk både på stor og lita elv.
 

 
        Rediger