Fiskeregler:
1.
Kortsalg
Alle som skal fiske skal ha kjøpt/løyst fiskekort, men 2 kan dele på ei stang, men den som kjøpte kortet skal vera i lag med den han let fiska for seg.
Eit barn under 16 år kan fiska i lag med ein voksen
som har kjøpt/løyst fiskekort
Kortet er
kun gyldig ved betalt fisketrygdavgift til staten
Fiskekort
vert ikkje refundert
Alle skal levere
fangstrapport, også om det ikkje er noko fangst.
2.
Fiskestrekning
er frå sjø til Raudfossen (Eikefet) med fylgjande unntak
Eidsfossen ved Myster kraftstasjon der er fosshølen og
sjølve fossen freda
Raudfossen og fosshølen er freda
Det er forbudt å fiske i fisketrappa samt oppstraums
Raudfossen
Eikefet: Grunneigaren organiserer fiske og sal av kort
3.
Fisketid
1.juli til og med 31.august
Fiske vert vurdert undervegs og kan verta stengt på
kort varsel
4.
Fiskekvoter
Døgnkvote på 2.villaks pr kort. Når villaks nr. 2 er avliva
skal fisket avsluttast. Dette gjeld ikkje for oppdrett og fettfinneklypt laks
Sjøørret er totalfreda
Visst ein
må avlive fisk på grunn av dyrevelferdsmessige årsaker skal Ekso Elveeigarlag
kontaktas på telefon eller sms 915 74 936 umiddelbart etter avlivning.
Feittfinneklypt og oppdrett samt merka laks skal
avlivast , meld ifrå til Ekso Elveeigarlag på telefon eller sms 915 74 936
Ta skjellprøve av all avliva fisk
5.
Fiskereidskap
Kun ei
stang eller handsnøre er tillatt pr. person
Mothaker skal vere fjerna eller innklemte
Det er kun flue eller sluk som er tillatt, sluk vekt
på meir enn 28 gram men ikkje meir enn 40
gram og kun ein treblekrok eller dobbelkrok
Utstyret skal vere tilpassa til laksefiske.
Bruk kun
knutelause håver. Me har til utlån
6.
Desinfisering av utstyr
Alt av
utstyr som du skal bruka til å fiska med skal desinfiserast.(
stang, snøre, vadebukse/sko,håver m.m)
Stamp/kar og håndpumpe til desinfisering står ved
Eidsland grendahus på baksida (langveggen)
7.
Ta
hensyn til andre
Rullering maks 1 time i kvar høl ( visst det er fleire
som fiskar)
Ta vare på omgivelsane ikkje kast boss og anna i
naturen
Rydd opp etter deg
8.
Ved overtramp
på reglane kan ein bli bortvist frå Ekso
Grove overtramp vert politi annmeldte
9.
Oppsyn
Det er organisert oppsyn langs heile den anadrome
strekning
Har du noko å melda til oppsynet ta kontakt på
telefon 915 74 936
10.
Fiskereglane
vert reviderte kvart år og godkjent av Årsmøte
|